Etne kommune Pleie og omsorg avd. 1

Ledig stilling i Etne kommune:

Assistent, 13-20% fast

Etne omsorgssenter søkjer assistent til helgestilling med arbeid kvar 3. helg i institusjon.
Me søkjer deg som kan bidra med brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera.
Etne omsorgssenter er eit moderne omsorgssenter som er godt tilrettelagt med hjelpemiddel og høgteknologisk velferdsteknologi.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til god pleie og omsorg til pasientar i institusjon.
  • Bistå pasient ved måltid.
  • Bidra til å skape ein god og innhaldsrik kvardag.
  • Dokumentasjon i fagjournal.
  • Handtering av velferdsteknologiske løysingar/ hjelpemiddel.
  • Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssytem.

Kvalifikasjonar:

  • Arbeidssom, påliteleg og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
  • Fleksibel og tar initiativ.
  • Generell god digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem.

Eigenskapar:

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar.
  • Jobbe sjølvstendig og i team, ha god framdrift i arbeidet.
  • Trives i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Annan informasjon

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon. 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

22/2674

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

03.10.2022

Tiltreding:

04.10.2022

Arbeidsstad:

Institusjon

Adresse:

Holmavegen 22 5590 Etne

Kontorlokalisering: