Etne kommune Pleie og omsorg

Ledig stilling:

Sjukepleiar/helsefag/assistent, vikar

Etne heimeteneste søkjer deg som kan og har lyst til å vera ringevikar til ledige vakter. Det vil vera arbeid med  variasjon i arbeidstid og oppgåver.

Me søkjer deg som kan bidra med brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera. 

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til god pleie og omsorg for pasientar med ulike behov.
  • Bidra til å skape ein god og innhaldsrik kvardag.
  • Dokumentasjon i fagjournal.
  • Handtering av velferdsteknologiske løysingar/ hjelpemiddel.
  • Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssytem

Kvalifikasjonar:

  • Arbeidssom, påliteleg og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
  • Fleksibel og tar initiativ.
  • Generell god digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Eigenskapar:

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar.
  • Jobbe sjølvstendig og i team, ha god framdrift i arbeidet.
  • Trives i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Annan informasjon

Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

22/2698

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

07.10.2022

Tiltreding:

10.10.2022

Adresse:

Holmavegen 22 5590 Etne

Kontorlokalisering: