Etne kommune Helse

Ledig stilling i Etne kommune:

2 fastlegestillingar

Etne kommune har to ledige fastlegeheimlar med liste på 500 innbyggjarar og 750 innbyggjarar. Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Kommunen eig alle fastlegeheimlane, der legane disponerer kvar sine lister. Du vil bli del av Etne legekontor med totalt 7 legar, der 4 er spesialistar og 2 har ALIS- ordning. Det er 6 hjelpepersonell knytt til legetenesta. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar. Legekontoret er nyoppussa og velutstyrt med blant anna ultralyd. Stillingane kan egna seg både for erfarne fastlegar eller ALIS stilling med ALIS avtale. Fråtredande legar har 8.2 avtale med kommunen, med gode intjeningsmoglegheiter. Ved ALIS stilling kan kommunen leggje til rette for kommunal tilsetjing, med overgang til sjølvstendig næringsdrift når ein er spesialist.

Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjenglege servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen, og me trur at du vil trivast om du søkjer deg jobb hos oss. Velkommen som søkjar.

Arbeidsoppgåver: 

  • Journalsystem, pasientsky
  • Pasientliste på minimum 500/750 , kan aukast om ønskeleg
  • Ingen kommunale oppgåver ligg til stillinga per i dag
  • Etne og Vindafjord har interkommunal legevakt med fastlønn, som er lokalisert i Ølen. Etne har ansvar for å dekke 1/3 av alle vakter, i snitt 3 per mnd., som ein fordeler etter ønsketurnus på legevaktsmøte. Heimevakt på natt

Kvalifikasjonar:

  • Krav til norsk autorisasjon som lege med godkjent LIS1 teneste, og refusjonsrett frå HELFO
  • Krav til at søkjar beherskar norsk godt
  • Krav om førarkort kl B, og bør disponere bil

Me tilbyr: 

  • Gode innteningsmoglegheiter gjennom 8.2 samarbeidsavtale, der kommunen driftar legekontoret
  • Godkjent utdanningsverksemd og kan tilby spesialisering for ALIS
  • ALIS avtale med fastlønn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Eit godt utstyrt legekontor
  • Hjelp til å skaffe bustad

 

Annan informasjon

Me ber og om at de opplyser om minimum 2 referansar av nyare dato.

Det skal framleggjast godkjend politiattest.

Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking  før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

22/3531

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

15.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Etne legekontor

Adresse:

Sjoarvegen 2 5590 ETNE

Kart: