Vil du vera lærling i helsearbeidarfaget i Etne kommune?
Lærling helsefagarbeidar, 100%
Etne kommune legg vekt på kvalitet i kvardagen til det beste for alle som jobbar og bur i kommunen. Etne kommune har rundt 400 tilsette i kommunen, og har verdiane trygg, raus og engasjert med oss i arbeidet. Me satsar på læringar og du vil møta ein kommune som set pris på deg og ditt bidrag i den jobben du har som lærling i kommunen. Å vera lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobba i ei bedrift. I Etne kommune får du både opplæring og praksis i faget. Me gler oss til å få deg med på laget!
Arbeidsoppgåver:
Me søkjer deg som:
- Er påliteleg, lærevillig og fagleg interessert
- Er lojal og ærleg
- Tar initiativ
- Er glad i å ta i eit tak og har godt humør
Me tilbyr:
- Ein god læringsarena med høg fagkompetanse som ønskjer lærlingar
- Varierte og lærerike arbeidsoppgåver etter læreplanen
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fast rettleiing av dyktige instruktørar
- God oppfølging i det daglege
Annan informasjon
Lærlingar i helsearbeidarfaget skal leggja fram godkjend politiattest før oppstart.
Lærlingar i helsearbeidarfag skal og leggja fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Lærling i helsearbeidarfag må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Del på:
Referansenummer:
23/151
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Praksis
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
31.03.2025
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.etne.kommune.noAdresse:
Sjoarvegen 2 5590 ETNE