Etne kommune Skånevik barnehage

Ledig stilling som barnehagelærar i Skånevik

Barnehagelærar, 100% vikar

F.o.m 01.08.24 har Skånevik barnehage ledig 100 % vikariat som barnehagelærer. Vikariatet gjeld frå 01.08.2024 - t.o.m. 31.07.2025.

Skånevik barnehage er pr. i dag ein 2 avdelingsbarnehage som ligg sentralt i Skånevik, med gangavstand både til sjø, skog og sentrum. Etne kommune eig og driv Skånevik barnehage. Barnehagen blei fornya og utvida i mars 2013. Skånevik barnehage er ein heilårs-open barnehage godkjent for 66 plasser. Ønskje du å jobba i eit lærerikt og i eit godt arbeidsmiljø er Skånevik plassen for deg. Skånevik barnehage jobba etter modellen frå "Være saman", der den atoritative vaksenrolla står sentralt.

Arbeidsoppgåver:

Pedagogisk arbeid knytt til avdeling med born frå 3 - 6 år.

Kvalifikasjonar:

Krav om godkjent barnehagelærarutdanning..  Det vert og sett krav til at ein må kunne beherske norsk på nivå med Bergenstest 

Eigenskapar:

Det vert vektlagt at ein har evne til samarbeid og er løysingsorienter. Me ynskjer ein person som har evne til å bygga gode relasjonar med barn, og som ser det unike i kvart barn.      

Annan informasjon

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.

Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking  før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

24/1065

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Skånevik barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Barnehagevegen 24 5593 Skånevik

Kart: