Etne kommune Etne Brann og redning

Brenn du for å hjelpe andre? Bli med på laget i Etne brann og redning

Brannkonstabel/Røykdykkar, 2,19% fast

Etne brann og redning har ledig faste stillingar i 2,19% som deltid brannkonstabel/røykdykkar.
Stillingane er knytt til brannstasjonen i Etne og i Skånevik.
Per i dag har brannvesenet 2 faste stillingar i 100%, i tillegg til 31 deltidsstillingar. Avdeling brann er organisert under sektor for utvikling og drift.

Arbeidsoppgåver

Vere ein del av kommunen sin innsatsstyrke ved brann, trafikkuhell, redningsoppdrag og andre akutte ulukker. Stillinga innebærer generell beredskapsplikt ved bæring av radioterminal - samt oppmøteplikt ved øvelser, brann/ulukker og andre akutte hendelser.

Kvalifikasjonar

Søkjaren bør ha allsidig praktiske kunnskapar og ha interesse for brann- og redningsarbeid.

  • Må minimum ha førarkort klasse B, ønskjeleg med førarkort klasse C.
  • Må disponere eigen bil
  • Må kunne framleggje godkjent politiattest
  • Må kunne symje
  • Må kunne kommunisere godt på norsk
  • Det forutsettes at søkjar gjennomfører og består fysisk test
  • Det forutsettes at søkjar gjennomfører og består helsesjekk for røyk og kjemikaliedykkar
  • Søkjerar vil få tilbod om yrkesutdanning som brannkonstabel og må vere villig til å gjennomføre oppsette kurs som nettkurs ved Norges brannskule, røykdykkarkurs, grunnkurs brannkonstabel.
  • Må kunne tilfredstille krav om innsatstid frå heim til Skånevik/Etne brannstasjon på ca. 5 min.
  • Arbeid på dagtid må vere i kort avstand til Skånevik/Etne brannstasjon med radius ca. 5 min.
  • Søkjarane må ha avklara forholdet sitt til vernepliktsverket/førstegongsteneste.

Eigenskapar

  • Ha innsatsvilje
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Vere fysisk og psykisk skikka til stillinga
  • Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevner
  • Vere tryggleiksorientert

Me tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø

Annan informasjon

Det vert stilt krav til helse og fysikk i henhold til prosedyre P01. Det er krav til politiattest etter §18 i brann og eksplosjonsvernlova.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

24/1925

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.12.2025

Tiltreding:

07.08.2024

Adresse:

Sjoarvegen 2 5590 Etne

Kart: