Etne kommune Helse

Ledig stilling som helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar, 90 % fast - 10% vikar

 

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert helsesjukepleiar. Likar du å arbeide med mennesker,
har gode samarbeidsevner og interesse for fagleg utvikling?
Då er du kanskje den me søkjer etter!

Me ynskjer ein kollega med eit stort engasjement for barn, unge og deira familiar, med fokus på
målretta arbeid og utvikling. I helsestasjon og skulehelsetenesta er det helsesjukepleiarar, lege,
jordmor og fysioterapeut. Helsestasjonen er samlokalisert med psykisk helse og rustenesta og ergo
og fysioterapitenesta, erfarne kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Aktuell stilling er kombinert helsestasjon- og skulehelseteneste. Det vil vera spennande oppgåver i
tett samarbeid med andre helsetenester, hjelpetenester og oppvekstsektoren. Me har også eit
interkommunalt samarbeid med Familieteamet. Som helsesjukepleiar er du ein del av Etne kommune
sin tverrfaglege samhandlingsmodell Bli Z (BTI) som skal sikra strukturert oppfølging rundt barn og
unge og deira familiar.

Det er låg terskel for å søkje råd og støtte hjå kollegaer, og me har jamlege fagmøter og
psykologrettleiing. Me har fokus på fag og kvalitet. Tilsette i tenesta har ulik kompetanse og erfaring,
blant anna spesialkompetanse på sped- og småbarn og psykisk helse.

I tillegg til fast stilling kan me også tilby midlertidig vikariat i tenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helsesjukepleie i tråd med gjeldande helsestasjonsprogram og nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelseteneste og anna relevant lovverk
  • Konsultasjonar, helsekontrollar, vaksinasjonar, rettleiing, støttesamtalar, oppfølging og undervisning individuelt og i grupper
  • Pårørande arbeid
  • Tverrfagleg samhandling både internt og med andre tenester
  • Barnekoordinator og koordinator
  • Dokumentasjon, pr. i dag i HSPro
  • Bidra til utvikling av helsestasjon og skulehelsetenesta for barn og unge i Etne kommune
  • Smittevern og vaksinasjonar (influensa/koronavaksinering)
  • Det kan vera oppgåver knytt til kommunen sitt arbeid med oppfølging av flyktningar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar, med norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med vidareutdanning og/eller master i helsesjukepleie
  • Ønskeleg med anna relevant kompetanse/vidareutdanning
  • Ønskeleg med relevant erfaring
  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar
  • Å vera personleg skikka til stillinga vil bli vektlagt

Eigenskapar

  • Er engasjert, fleksibel, påliteleg og open i møte med andre
  • Har evne til å lytta og trivast i arbeid med mennesker
  •  Er løysningsorientert, med evne til å arbeida målretta og strukturert både sjølvstendig og i team
  • Har god evne til samarbeid, relasjonsbygging og kommunikasjon

Me tilbyr

  • Fagutvikling, kollegastøtte, refleksjon og rettleiing med psykolog
  • Godt samarbeidsklima
  • Forutsigbar arbeidstid med fleksitidsordning
  • Ein variert og givande arbeidskvardag
  • Gode og romslege lokaler saman med ergo-fysioterapitenesta og psykisk helse og rustenesta
  • Kommunale bilar til disposisjon

Annan informasjon

Ved tilsetjing må det leggjast fram godkjent politiattest
Førarkort type B

 Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.01.2025

Tiltreding:

24.03.2025

Arbeidsstad:

Helsestasjonen

Kontaktpersonar:

Elisabeth Lunde Sørheim, helseleiar

tlf: +47 92646673

mob: 92646673

Synnøve Lovra Viskjer

tlf: +47 53 75 81 08

Adresse:

Sjoarvegen 2 5590 ETNE

Kart: