
Ledig vikariat som Helsefagarbeidar i avdeling 2
Helsefagarbeidar, 63% vikariat
Ein av våre kollegaer har permisjon frå stillinga si, me søkjer difor etter ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar i 63% stilling i perioden 01.05.2025 - 31.03.2026.
Stillinga har todelt turnus dag/kveld og arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Personleg stell og pleie
- Legge tilrette for sosiale aktivitetar og tiltak som fremjar trivsel , samt bidra til eit trygt og godt miljø i avdelinga
- Dokumentasjon i pasientjournal
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Erfaring frå liknande arbeid
Eigenskapar
- Godt humør
- Påliteleg og fleksibel
- Gode evne til samarbeid
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Lønn etter tariff
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
13.04.2025
Tiltreding:
01.05.2025
Arbeidsstad:
Etne Omsorgssenter
Heimeside:
http://https://www.etne.kommune.noAdresse:
Holmavegen 30 5590 Etne