Etne kommune Helse

Ringevikar, helsesekretær/sjukepleiar ved Etne og Skånevik legekontor

Helsesekretær/sjukepleiar, ringevikar

Etne og Skånevik legekontor søkjer helsesekretær/sjukepleiar til å vera ringevikar ved fråvær.

Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Det er 7 legar og 6 hjelpepersonell som arbeider ved kontora. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar.

Arbeidsoppgåver

Som helsesekretær vil du ha ein arbeidskvardag med ulike arbeidsoppgåver.
Vikar vil få nødvendig opplæring.

  • Ekspedisjonsarbeid med pasientmottak i skranke/telefon/digitalt for timebestilling, reseptfornying mm.
  • Prøvetaking, laboratorie- og sårstell
  • Bistå legane i pasientbehandling

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretær
  • Sjukepleiar
  • Anna relevant fagutdanning og/eller fullført 2. året på Bachelor sjukepleie

Erfaring frå arbeid på legekontor er ein fordel.

Eigenskapar

Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert.

Me tilbyr

Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik.
Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjengeleg servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen.

Velkommen som søkjar.

Annan informasjon

Du må framvise politiattest utan merknader.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.08.2025

Tiltreding:

09.06.2025

Arbeidsstad:

Etne og Skånevik legekontor

Adresse:

Sjoarvegen 2 5590 ETNE

Kart: