Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar, 70% fast

Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustad knytt til personalbase.

Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 7 årsverk fordelt på
vernepleiarar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk fagarbeidarkompetanse.

Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling. Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester.
  • Drive aktivt miljøarbeid
  • Primærkontakt oppgåver
  • Samarbeid med pårørande
  • Dokumentasjon
  • Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Godkjent helsefagarbeidar, anna relevant fagbrev/ utdanning kan bli vurdert.
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg.

Erfaring frå miljøarbeid er å føretrekke.

Eigenskapar

  • Me leitar etter deg som er positiv og klarar å finna løysningar.
  • Du har god fagleg innsikt og tryggleik.
  • Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
  • Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
  • Personlege og skikka egenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.

Me tilbyr

  • Ein aktiv og variert kvardag
  • Årsturnus
  • Faglig utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø å trives i
  • Pensjonsopptening i KLP

Annan informasjon

  • Ein må ha førerkort kl B
  • Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

17.07.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Miljøarbeidstenesta

Adresse:

Gjerdsrabbane 25 5590 Etne

Kart: