Etne kommune Pleie og omsorg

Helsefagarbeidar i pleie og omsorg – bli med og skap ein god kvardag for andre

Helsefagarbeidar i pleie og omsorg

Vi i Etne kommune søkjer engasjerte og pålitelege medarbeidarar til stillingar innan pleie og omsorg. Me har behov for nye helsefagarbeidarar til både demensomsorg og heimetenesta. Hos oss får du moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til brukarar som treng støtte, tryggleik og omsorg. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, der vi saman jobbar for å gi brukarar ein verdig og meiningsfull kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Yte heilskapleg pleie og omsorg
  • Handtere og bruke velferdsteknologiske løysingar og hjelpemiddel i det daglege arbeidet
  • Samarbeide tett med pårørande, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og andre relevante fagpersonar
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
  • Vere ein positiv bidragsytar til eit godt og inkluderande miljø, både for bebuarar og tilsette

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Erfaring frå arbeid innan pleie og omsorg er ein fordel
  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Eigenskapar

  • Trygg og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Fleksibel og lærevillig
  • Gode samarbeidsevner og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Me tilbyr

  • Årsturnus med fleksibilitet
  • delar av stillinga kan planleggjast ut frå eigne behov
  • Eit inkluderande, støttande og engasjert arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i møte med ulike brukargrupper
  • God opplæring og støtte i oppstart og undervegs
  • Moglegheit for fagleg utvikling og deltaking i utviklingsarbeid
  • Gratis parkering i parkeringsanlegg
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar

Annan informasjon

Stillinga er mellom 16-20%. I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda har både kommunale og privat barnehage. - Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. - Det er kort avstand til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg - Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper -eige treningssenter, velværetilbod og fysioterapi - oppvarma badebasseng i Skånevik - Godt servicetilbod til hotell og matservering Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram
godkjent dokumentasjon på tuberkolinkontroll og status MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysningar om dette, ta kontakt med helsestasjonen.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

11.07.2025

Tiltreding:

14.07.2025

Arbeidsstad:

Etne Omsorgssenter

Adresse:

Holmavegen 30 5590 ETNE

Kart: