Er du ein engasjert og varm barnehagelærar som vil vera med å forma framtida?
Barnehagelærar, 100% fast
Enge barnehage søkjer ein barnehagelærar med hjarte for barna og blikk for det pedagogiske. Hos oss får du vera med på å skapa ein trygg, leiken og utviklande kvardag for dei minste.
Vi har ledig fast stilling som barnehagelærar i Enge barnehage f. o. m. 01.02.2026.
Du vil bli ein del av eit fagleg team som har fokus på leik, læring og omsorg. Vi jobbar aktivt med å utvikle eit inkluderande og stimulerande miljø for både barn og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og gjennomføra pedagogisk opplegg i tråd med rammeplanen.
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna.
- Samarbeide tett med kollegaer og foreldre
- Bidra til fagleg utvikling og refleksjon i personalgruppa
- Ta pedagogisk leiar ansvar ved behov
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
Eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Evne til å skape engasjement og tryggleik.
- Personlege eignaheit bli vektlagt
Me tilbyr
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Ein barnehage med fokus på eit trygt og godt miljø for alle
Annan informasjon
I fokusområdet vårt: Trygt og godt for alle ligg desse verdiane:
Respekt for kvarandre, positiv åtferd og ansvar for val.
Vår tanke er at grenser + forventningar = God oppvekst
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.11.2025
Tiltreding:
01.02.2026
Arbeidsstad:
Enge barnehage
Kontaktpersonar:
mob: 91 19 16 21
Heimeside:
https://www.etne.kommune.no/enge-barnehage/Adresse:
Stadionvegen 5 5590 Etne