Vil du bli vår nye helsefagarbeidar? Eller kjenner du nokon som kan passe? Del gjerne!
Helsefagarbeidar, 80-100% fast
Heimebaserte tenester i Etne kommune har ledig 80–100 % fast stilling som autorisert helsefagarbeidar. Me ser etter ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som ønskjer å bidra til at heimebuande i Etne kommune har ein trygg og verdig kvardag i heimen sin.
Heimebaserte tenester har hovudkontor i Etne, med basekontor i Skånevik.
Me søkjer deg som kan bidra med helsefagleg kompetanse, engasjement og eit godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande. Dette inneber:
- Pleie
- Legemiddelhandtering
- Observasjon og oppfølging av medisinke tiltak
- Kvardagrehabilitering
- Samarbeid med pårørande, sjukepleiar, lege og andre
- Vurdere tenestebehov
- Handtering av velferdsteknologiske løysingar/ hjelpemidlar
Dokumentasjon i gjeldande fagsystem.
Vera kjent med og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssytem.
Delta i utvikling av eigen arbeidsplass.
Delta i rettleiing og opplæring av kollegaer, elevar/ lærling og andre.
Kvalifikasjonar
Autorisert helsefagarbeidar.
Førerkort klasse B.
Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking.
Generell god digitalkompetanse og kan tileigna deg gjeldande fagsystem.
Eigenskapar
Trygg og stabil medarbeidar med sunn verdier og haldningar.
Evne til å handtera uventa situasjonar med ro og fagleg tryggleik.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og ha god framdrift i arbeidet.
Trives i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring.
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
Eit arbeid med meining.
Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar som gjer meistring.
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Årsturnus med arbeid frå 2. til 4. kvar helg.
Langvakter som inkl. larbeidperiodar etterfulgt av lengre friperiodar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.
Annan informasjon
Mellom stupbratte fjell, lange fjordar, knallgrøne enger og imponerande fossefall finn du vakre Etne. Ein liten kommune med 4000 innbyggarar og mange spennande arbeidsplassar. Med ca. 1 time til Haugesund, to timer til Stavanger og 3,5 timer til Bergen er me plassert midt i smørauga mellom mange fantastiske turistattraksjonar og unike natur- og kulturopplevingar. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring.
Etne har eit godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage.
Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utandørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
21.12.2025
Tiltreding:
02.03.2026
Adresse:
Holmavegen 30 5590 Etne