Ledig jobb som ringevikar i Enge barnehage
Ringevikar i Enge barnehage
Enge barnehage søkjer ringevikar. Er du trygg, raus og engasjert og i tillegg har ein fleksibel kvardag, då kan jobben som ringevikar vera noko for deg.
Arbeidsoppgåver
Praktisk pedagogisk arbeid på avdeling.
Kvalifikasjonar
Snakker og forstår norsk.
Har lyst å jobbe med barn.
Eigenskapar
I jobben som ringevikar er det viktig å kunne være fleksibel for å kunne tilpasse seg endringer som skjer i løpet av ein barnehage kvardag. i tillegg ønskje me ein person som tar initiativ og er samarbeidsvillig.
Me tilbyr
Innhaldsrike dagar, eit godt arbeidsmiljø og eit lærande fellesskap.
Annan informasjon
Den som blir tilsett må leggje frem politiattest
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.01.2026
Tiltreding:
15.12.2025
Arbeidsstad:
Enge barnehage
Kontaktpersonar:
mob: 91 19 16 21
Heimeside:
https://www.etne.kommune.no/enge-barnehage/Adresse:
Stadionvegen 5 5590 Etne