Etne kommune Enge skule

Enge skule treng ringevikarar

Ringevikar til jobb som lærar i 1-10 skulen

Enge skule er ein 1 - 10 skule med 434 elevar og ansvar for all vaksenopplæringa i kommunen. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa. Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.

Skulen treng fleire ringvikarar, me tek inn folk til intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Undervisningsoppgåver i 1-10 skulen Lærar på småsteget, mellomsteget, ungdomssteget.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherske nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
Gode digitale dugleikar.

Eigenskapar

Me ynskjer lærarar som er tydelege klasseleiarar, har eit positivt elevsyn og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, med vekt på dugleik.

Me tilbyr

Eit triveleg arbeidsmiljø med god delingskultur. Me tek vare på kvarandre på Enge skule og trivst godt i lag.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Annan informasjon

Dei som blir tilsett må vise fram politiattest av nyare dato. Kopiar av attestar og vitnemål på norsk må leggast ved søknaden.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.01.2026

Tiltreding:

12.01.2026

Arbeidsstad:

Enge skule

Adresse:

Strondavegen 21 5590 Etne

Kart: