Ønskjer du å jobba i barnehage?
Fagarbeidar/assistent 100 %
Frå januar 2026 treng Skånevik barnehage nokon i 100% stilling fram til sommaren, er det deg? Me treng deg som er omsorgsfull
og inkluderande. Som likar varierte arbeidsdagar og som kan gi barna i barnehagen ein god og trygg kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Være ein trygg og tilstedeværende voksen i barnas kvardag
- Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar
- Samarbeida med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderende miljø
- Bidra til praktiske oppgåver i barnehagen
Kvalifikasjonar
Ynskjeleg, men ikkje eit krav: Erfaring frå arbeid med barn eller relevant utdanning.
Eigenskapar
- Omsorgsfull og trygg - Ha eit varmt hjerta for barn og trives i barnehagemiljø
- Positiv og engasjert - bidrar til leik, glede og undring
- Er ansvarleg, stabil og samarbeidsvillig
- Har gode norskkunnskapar
Me tilbyr
- Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegar
Annan informasjon
Barnehagen følgjer gjeldande reglar for politiattest. Attest må visast fram før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.01.2026
Tiltreding:
19.01.2026
Arbeidsstad:
Skånevik barnehage
Kontaktpersonar:
Adresse:
Barnehagevegen 24 5593 Skånevik