Spanande stilling ledig som avdelingsleiar på ungdomssteget ved Enge skule!
Avdelingsleiar ved Enge skule, 100% fast
Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning. Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeidar godt både sjølvstendig og som ein del av leiarteamet på Enge skule. Leiarteamet på Enge skule består av rektor og tre avdelingsleiarar.
Arbeidsoppgåver
• Personalansvar på ungdomssteget
• Pedagogisk leiing
• Eksamensansvarleg
• Leie utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet på skulen
• Ansvar for sakshandsaming knytt til individuelt tilrettelagt opplæring
• Ansvar for fag- og timefordeling saman med resten av leiarteamet
• Ansvar for timeplanlegging saman med dei andre avdelingsleiarane
• Ansvarleg for delegerte oppgåver frå einingsleiar
Kvalifikasjonar
• Godkjent fagleg og pedagogisk utdanning
• Ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule
• Ønskeleg med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Ønskeleg med utdanning i skuleleiing og leiarerfaring frå skule
Eigenskapar
• Høg arbeidskapasitet med god gjennomføringsevne
• Høg grad av fleksibilitet og gode samarbeidsevner
• Trygg, og evner å stå i vanskelege sakar
• Tydeleg og løysingsorientert
• Det vil bli lagt stor vekt på personleg dugleik
Me tilbyr
• Ein spanande stilling i eit arbeidsmiljø av hyggelege, engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
• Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Annan informasjon
Enge skule er ein 1-10 skule med til saman 436 elevar fordelt med 177 elevar på småsteget, 109 elevar på mellomsteget og 150 elevar på ungdomssteget. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa.
Enge skule er ein flott skule både ute og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Enge skule
Heimeside:
https://www.etne.kommune.no/enge-skule/Adresse:
Strondavegen 21 5590 Etne