Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Ferievikarar ønskes til Miljøarbeidstenesta Etne kommune

Ferievikarar Miljøarbeidstenesta

Inntil 100% stilling.

Ferien nærmar seg og våre ansatte treng ferie. Då har me behov for fleire som kan erstatta dei i ferieavviklinga.
Då er detta noko for studentar og andre som har lyst på ein superkjekk og aktiv sommarjobb.
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som tildømes utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm.
Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbase.
Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år.
Tenesta har ca. 25 årsverk fordelt på vernepleiarar, sjukepleiar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk fagarbeidarkompetanse.
Me har fokus på godt arbeidsmiljø, og gi brukarane av våre god kvalitet på tenestene me levere, fagleg og personleg utvikling.
Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.
Våken og kvilande nattevakter.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester.
  • Drive aktivt miljøarbeid
  • Samarbeid med pårørande
  • Dokumentasjon
  • Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Som ferievikar er det fint at:

  • Du er fylt 18 år
  • Student/ elev i helsefagleg utdanning
  • Studentar i andre yrkesgrupper som har lyst på ein jobberfaring som vil gi deg god kompetanse på relasjonsbygging og samhandling.
  • Har kapasitet til å jobbe store deler av sommaren

Eigenskapar

Me leitar etter deg som er positiv og klarar å finna løysningar.

  • Du er stabil og trygg.
  • Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
  • Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
  • Personlege og skikka eigenskapar vert sterkt vektlagt
  • Likar å snakke med menneske

Me tilbyr

Ein aktiv og variert kvardag

  • Turnus
  • Eit godt arbeidsmiljø å trives i
  • Pensjonsopptening i KLP

Annan informasjon

  • Ein må ha førerkort kl B
  • Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest før oppstart.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.03.2026

Tiltreding:

15.06.2026

Arbeidsstad:

Miljøarbeidstenesta

Adresse:

Gjerdsrabbane 25 5590 Etne

Kart: