Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Miljøarbeidar helsefag

2 faste helsefagstillingar kvar 4. helg frå 24 - 50%

Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som tildømes utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Me er lokalisert i eit bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbasen. Me gir og tenester til andre personar som bur i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 25 årsverk fordelt på vernepleiarar, sjukepleiar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på å gje brukarane våre god kvalitet på dei tenestene me leverar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester.
  • Drive aktivt miljøarbeid
  • Samarbeid med pårørande
  • Journalføring
  • Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning
  • Student/ elev i helsefagleg utdanning oppfordres til å søkje
  • Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • Du er fylt 18 år

Eigenskapar

  • Du er stabil og trygg, og skaper god relasjon med andre mennesker.
  • Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
  • Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr

Me har 2 stillingar ledig i turnus med lange vakter kvar 4. helg på 12,5 time Stillingsstorleik fra 24,48% og til 48,7%

  • Ein aktiv og variert kvardag
  • Pensjonsopptjening i KLP

Annan informasjon

Må ha førerkort kl B Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest før oppstart

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

19.03.2026

Tiltreding:

01.04.2026

Arbeidsstad:

Miljøarbeidstenesta

Adresse:

Gjerdsrabbane 25 5590 Etne

Kart: