Me søkjer etter deg som vil gjere ein forskjell!
Helsefagarbeidar 18-20%
Heimebaserte tenester søkjer helsefagarbeidar til helgestilling med arbeid kvar 2.- 4. helg.
Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av vårt gode og utviklande fagmiljø.
Heimebaserte tenester i Etne kommune har ledige helgestillingar fast som autoriserte helsefagarbeidar.
Me ser etter deg som vil vere med å bidra til at heimebuande i kommunen får ei trygg, verdig og meiningsfull kvardag i eigen heim.
Tenesta har hovedkontor i Etne, med basekontor i Skånevik.
Hjå oss får du varierte arbeidsdagar, tett samarbeid med dyktige kollegaer og mogleghiet til å gjer ein viktig forskjell for innbyggjarane våre- kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande. Dette inneber:
- Pleie
- Legemiddelhandtering
- Observasjon og oppfølging av medisinske tiltak
- Kvardags rehabilitering
- Samarbeid med pårørande, sjukepleiar, lege og andre
- Vurdere tenestebehov
- Handtering av velferdstekonologiske løysningar/hjelpemidlar
- Dokumentasjon i gjedande fagsystem.
- Vera kjent med og følgje rutinar i gjeldande kvalitetsystem.
- Delta i utvikling av eigen arbeidsplass
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Vernepleier og sjukepleierstudenter er velkommne til å søkja.
- Fagleg engasjement og evne til sjølvstendig arbeid
- Gode samarbeidsevner, er strukturert og målretta
- Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking
- Generell god digitalkompetanse og kan tileigna deg gjeldande fagsystem.
- Førarkort klasse B
Eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i kvardagen
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibilitet og løysingsorientert haldning
- Trygg og tillitsvekkjande i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Evne til å handtere uventa situasjonar med ro og fagleg tryggleik
- Interesse for fagleg utvikling og ønskje om å bidra til tenesta si kvalitet
Me tilbyr
- Eit arbeid med meining
- Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar som gjer mestring
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Årsturnus med arbeid frå 2.til 4. kvar helg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk
Annan informasjon
Mellom stupbratte fjell, lange fjordar, knallgrøne enger og imponerande fossefall finn du vakre Etne. Ein liten kommune med 4000 innbyggarar og mange spennande arbeidsplassar. Med ca. 1 time til Haugesund, to timer til Stavanger og 3,5 timer til Bergen er me plassert midt i smørøyet mellom mange fantastiske turistattraksjonar og unike natur- og kulturopplevelser. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring.
Etne har eit godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske.
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring.
Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utandørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med
helsestasjonen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
22.03.2026
Tiltreding:
04.05.2026
Arbeidsstad:
Heimebaserte tenester
Adresse:
Holmavegen 30 5590 Etne