Ung arbeidstakar
Vil du skaffa deg verdifull arbeidserfaring? Bli med på "Ung i jobb"!
Er du født i 2010 eller 2011 og ynskjer å prøva deg i arbeidslivet? No har du sjansen! Kommunen har eit prosjekt som heiter Ung i jobb for å gje ungdom sjansen til å få arbeidserfaring i trygge og lærerike omgjevnadar.
Kva kan du jobba med?
Me tilbyr spennande oppgåver innanfor:
✅ Pleie og omsorg ved Etne og Skånevik omsorgssenter
✅ Barnehage og SFO i Etne og Skånevik
Arbeidstid
Etter skulen
Kven kan søkja?
Du må vera busett i Etne kommune.
Du må vera født i 2010 eller 2011 og ha lyst til å læra meir om arbeidslivet. Det er ikkje naudsynt at du har erfaring frå før. Det viktigaste er at du er motivert og engasjert!
Du likar å vera saman med menneske og likar å arbeida.
Me tilbyr
Arbeidsstader som er inkluderande og som vil gje deg naudsynt opplæring.
Slik søkjer du:
Send ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv, kvifor du vil vera med, og kva område du er mest interessert i. Det er fint om du skriv om du har mest lyst å arbeida innanfor helse eller barnehage/SFO og om du ønskjer å arbeida i Etne eller Skånevik.
Dette er ein unik sjanse til å skaffa deg arbeidserfaring, bli kjend med nye folk og tena dine eigne pengar. Bli med på Ung i jobb – me gler oss til å ha deg med på laget!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Kontrakt-/prosjektbasert
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.04.2026
Tiltreding:
18.05.2026