Miljøterapeut
Miljøterapeut, 40% fast
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som tildømes utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Me er lokalisert i eit bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbasen. Me gir og tenester til andre personar som bur i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 25 årsverk fordelt på vernepleiarar, sjukepleiar, pedagog, bachelor i sosiologi og fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på å gje brukarane våre god kvalitet på dei tenestene me leverar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Variert arbeid, med vekt på individuelt tilpassa tenester
- Samarbeid med pårørande
- Journalføring
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med Bachelor i vernepleie eller sjukepleie
- Søkjerar med anna helse eller sosialfaglege bachelor kan søkje
- Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
Eigenskapar
- Skapa god relasjon med andre mennesker
- Fleksibel og har god arbeidskapasitet
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
Me har 40% ledig miljøterapeut ressurs i turnus med lange vakter kvar 4. helg på 12,5 time.
- Ein aktiv og variert arbeidskvardag
- Pensjonsopptjening i KLP
Annan informasjon
Må ha førerkort kl B. Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
03.05.2026
Tiltreding:
04.05.2026
Arbeidsstad:
Miljøarbeidstenesta
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.etne.kommune.noAdresse:
Gjerdsrabbane 25 5590 Etne