Etne kommune Enge barnehage

Vikar i barnehagen - vil du jobba med barn?

Ringe og sommarvikar

Me søkjer etter ringevikar og vikar i sommar. Som vikar vil du vera ein viktig del av kvardagen til barna og bidra til eit trygt, inkluderande og leikande miljø. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i leik og kvardagsaktivitetar saman med barna.
  • Bidra til tryggleik, omsorg og god trivsel.
  • Samarbeida med faste tilsette i barnehagen.
  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift.

Kvalifikasjonar

  • Snakkar og fortår norsk.
  • Erfaring frå barnehgae eller arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Eigenskapar

  • Du er engasjert, omsorgsfull og påliteleg.
  • Du likar å jobbe saman med barn og vaksne.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Ein kjekk og meiningsfull jobb.
  • God opplæring og oppfølging.
  • Eit inkluderande og fagleg godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter gjeldande avtale.

Annan informasjon

Søkjar må leggja fram politiattest.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

08.05.2026

Tiltreding:

01.05.2026

Arbeidsstad:

Enge barnehage

Kontaktpersonar:

Torhild Molland

Stilling: Styrar

tlf: +47 53 75 81 70

mob: +47 97 98 01 15

Adresse:

Stadionvegen 5 5590 Etne

Kart: