Er du sjukepleiar eller vernepleiar? Etne kommune har ledig stilling som sakshandsamar ved tenestekontoret - bli med på laget vårt
Sakshandsamar helse og omsorg, 80% fast
Helse og omsorg har ledig ein 80 % fast stilling som sakshandsamar ved tenestekontoret for sakshandsaming og tildeling av helse- og omsorgstenester. Me søkjer ein fagleg trygg og strukturert medarbeidar til laget vårt, der me arbeider saman for å gi innbyggjarane gode og trygge tenester. Arbeidet vårt er forankra i verdiane våre – trygg, raus og engasjert – som skal prega både møte med brukarar og samarbeid internt.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming av søknader om helse- og omsorgstenester
- Kartlegging og vurdering av brukar sitt hjelpebehov
- Fatte vedtak i tråd med gjeldande lovverk og kommunale retningslinjer
- Oppfølging, evaluering og eventuelt endring av vedtak
- Rettleiing til brukarar og pårørande om rettar og tenestetilbod
- Samarbeid med utførartenester og andre relevante samarbeidspartnarar
- Bidra i utviklings- og kvalitetsarbeid ved tenestekontoret
Kvalifikasjonar
- Bachelor sjukepleie eller vernepleie
- Erfaring frå helse- og omsorgstenester er eit krav
- Erfaring frå sakshandsaming er ein fordel
- God kjennskap til lovverk som helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettslova og forvaltningslova er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Eigenskapar
- Du arbeider strukturert og nøyaktig
- Du evnar å arbeide sjølvstendig og ta faglege avgjerder
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du møter brukarar/pasientar med respekt og viser rausheit i praksis
- Du er engasjert i faget og oppteken av kvalitet i tenestene
- Du bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Du handterer variasjon og arbeidspress på ein god måte
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.06.2026
Tiltreding:
01.09.2026
Arbeidsstad:
Etne
Heimeside:
http://https://www.etne.kommune.noAdresse:
Sjoarvegen 20 5590 Etne