Etne kommune Institusjon Avd. 2

Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å vere del av eit godt fagmiljø og eit inkluderande arbeidslag? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Sjukepleiar 90 % vikariat

Ein av våre dyktige sjukepleiarar skal ha eitt års permisjon, og me har difor ledig eit 90 % vikariat i perioden 01.08.2026 – 30.08.2027.
 
Om avdelinga
Me er ei avdeling med 20 institusjonsplassar, fordelt på korttids- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi pasientane våre trygge og gode tenester av høg kvalitet. Hos oss vil du møte eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg engasjement. Me er eit lag som heiar på kvarandre og spelar kvarandre gode.
 
Om stillinga
Stillinga inngår i turnus med ordinære vakter, med arbeid kvar tredje helg.
 
Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar
  • Planlegging og gjennomføring av behandling og pleie
  • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Det er ein fordel med relevant erfaring, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert og ansvarleg
  • Du er fleksibel og samarbeidsvillig
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
Me kan tilby
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg utvikling
 
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

07.06.2026

Arbeidsstad:

Etne Omsorgssenter avdeling 2

Kontaktpersonar:

Anita Gravelsæter Melkeraaen

mob: +47 40 40 94 44

Adresse:

Holmavegen 30 5590 Etne

Kart: