Etne kommune Enge barnehage

Enge barnehage har ledig fast stilling som barnehagelærar

Barnehagelærar, 80% fast

Enge barnehage søkjer engasjert og omsorgsfull medarbeidar til vårt team!
Vi har ledig fast stilling i 80% som barnehagelærar, med oppstart 03.08.2026

Arbeidsoppgåver

Nokre av arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga:

  • Delta aktivt i leik og kvardag saman med barna
  • Planleggja og gjennomføre pedagogiske aktivitetar
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø
  • Samarbeid med føresette og kollegaer
  • Medverke til å utvikle barnehagen som læringsarena

Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærarutdanning.
Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Eigenskapar

Vi ser etter deg som :

  • Er engasjert, varm og tilstades med barna
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Tek ansvar og viser initiativ

Me tilbyr

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Fagleg utvikling og rettleiing
Løn etter gjeldande avtaleverk
Varierte og meinigsfulle arbeidsdagar

Annan informasjon

Politiattest må leggast fram før tilsetjing.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.06.2026

Tiltreding:

03.08.2026

Arbeidsstad:

Enge barnehage

Kontaktpersonar:

Torhild Molland

Stilling: Styrar

tlf: +47 53 75 81 70

mob: +47 97 98 01 15

Adresse:

Stadionvegen 5 5590 Etne

Kart: