Etne kommune Heimebaserte tenester

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?

Vikariat som assistent i praktisk bistand 90%

 Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre

Etne kommune tilbyr praktisk bistand til heimebuande personar som har behov for hjelp til reingjering og andre grunnleggande oppgåver for å kunne bu sjølvstendig og delta i samfunnet. Etne kommune søkjer nå ein medarbeidar til eit vikariat på eitt år innan praktisk bistand. Me ser etter deg som er fleksibel, påliteleg og sjølvstendig, og som har eit ekte engasjement for å hjelpa heimebuande personar med praktiske oppgåver i kvardagen. Stillinga omfattar hovudsakleg arbeid på dagtid, med arbeid kvar tredje helg. Nokre heilagdagar vil òg inngå i stillinga. Vikariatet gjeld fram til 24.10.27. Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet eller fast tilsetjing. 

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorgsoppgåver i heimetenesta

  • Reinhald i bustad
  • Bestille matvarer
  • Vask av klede
  • Skift av sengetøy
  • Oppvask og handtering av vanleg hushaldssavfall
  • Andre praktiske gjeremål som styrkjar sjølvstende i kvardagen
  • Dokumentasjon i fagjournal
  • Handtering av velferdsteknologiske løysingar og eller hjelpemiddel
  • Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssyste

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B
  • God samarbeidsevne
  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter- munnleg og skriftleg

Eigenskapar

  • Du har eit godt humør og ei løysingsorientert haldning
  • Du er positiv, påliteleg og tek ansvar
  • Du er trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Du er fleksibel, jobbar godt sjølvstendig og i team
  • Trivst i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr

  • God opplæring og tett oppfølging i oppstarten
  • Ein meiningsfull og variert jobb der du får moglegheita til å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til innbyggjarane våre
  • Eit godt, inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Annan informasjon

Søkjarar vert fortløpande vurdert.

Kvifor velja Etne kommune? I Etne kommune finn du gode oppvekstvilkår og høg livskvalitet. Her er du garantert barnehageplass, og kommunen har både private og kommunale barnehagar. I sentrum ligg barne- og ungdomsskule med gratis 12 timar SFO per veke for elevar på 1.–3. trinn. SFO-tilbodet er ope kvar dag frå kl. 07.00 til 16.30.

Arbeidsplassen ligg sentralt til, med kort gangavstand til legekontor, barnehage, skule, kulturtilbod, handel og andre tenester. Vidaregåande skule ligg om lag éi mil unna, med gode og tilrettelagde bussforbindingar.

Etne kan by på eit breitt kultur- og idrettstilbod, gode serverings- og overnattingstilbod, og ikkje minst fantastiske moglegheiter for friluftsliv. Her finn du fjordar, fjell og elvar med gode høve for fiske, eit stort nettverk av merkte turløyper og turisthytter, preparerte skiløyper og skianlegg innan ein times køyretur. 

Kommunen har òg eige treningssenter, oppvarma utandørs symjebasseng på 25 meter, velværetilbod og fysioterapitenester.

Politiattest og helsekrav

Ved tilsetjing innan helse- og omsorgstenesta må det leggjast fram gyldig politiattest før oppstart. Det skal òg dokumenterast gjennomført tuberkulosekontroll og status for MRSA i tråd med gjeldande regelverk. For nærare informasjon kan du ta kontakt med helsestasjonen 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.07.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Heimebaserte tenester

Kontaktpersonar:

Vibeke Skjold Heggebø

mob: +47 97626500

E-post: Vibeke.Skjold.Heggebo@etne.kommune.no

Adresse:

Holmavegen 30 5590 Etne

Kart: