Ledig stilling som reinhaldsoperatør 40%, fast
Reinhaldsoperatør, 40% fast
Etne kommune - Bygg- og eigedomsdrift, reinhaldseininga søkjer etter ein ny medarbeidar.
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsavdelinga ved Bygg- og eigedomsdrift er opptekne av:
- å bidra til eit godt innemiljø med allergiførebyggjande reinhald og ha god reinhaldstandard
- ansvarleggjera og skapa gode haldningar
- minska slitasje på bygningar som igjen vil medføra betra vedlikehald
- vera fagleg oppdatert
- det skal vera ein god arbeidsplass og me skal yta service for brukarane
Me har lang røynsle med alle typar reinhald.
Kvalifikasjonar
Etne kommune søkjer primært etter reinhaldar med fagbrev som reinhaldsoperatør, det er ønskjeleg men ikkje eit krav.
Erfaring i faget er ynskeleg.
Må kunna mestra norsk skriftleg og munnleg.
Me tilbyr
Etne kommune kan tilby eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver.
Kommunal pensjon er ein av godane som føl jobben.
Lønn og tilsetjing i samsvar med det kommunale regulativ, eller etter avtale.
Annan informasjon
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Referansenummer:
2026/4588
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
30.11.2026
Tiltreding:
04.01.2027
Kontaktpersonar:
tlf: +47 53758241
mob: +47 41624885
Heimeside:
http://https://www.etne.kommune.noAdresse:
Sjoarvegen 2 5590 Etne