Ledig stilling:
Sjukepleiar, 100% fast, avdeling for demens
Etne omsorgssenter søkjer etter sjukepleiar til avdeling for personar med demens. Me søkjer deg
som kan bidra med sjukepleiefaglege kompetanse, brennande engasjement og smittande godt
humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera. Etne omsorgssenter er eit moderne bygg som
er godt tilrettelagt med hjelpemiddel og høgteknologisk velferdsteknologi.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar i institusjon
- Heilhetleg pleie, omsorg og medisinsk behandling av eldre
- Handtering av velferdsteknologiske løysingar/ hjelpemiddel
- Oppfølging av pasienter, samarbeid med pårørende, lege og andre
- Dokumentasjon i fagjournal
- Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssystem
- Delta i utvikling av eigen arbeidsplass
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og praktikantar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til personar med demens
- God samarbeidsevne, er strukturert og målretta
- Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking
- Generell god digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem
- God kommunikasjonsferdigheit
Eigenskapar
- Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
- Jobbe sjølvstendig og i team, ha god framdrift i arbeidet
- Trivst i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring
- Endrings- og lærevillig
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
- Sjukepleiar i turnus i Etne kommune ligg 25 000,- over garantiløn i 100% stilling
- Arbeidstidsordninga er årsturnus med kvar 2.- 4. helg
- Me kan tilby lengre arbeidsperiodar etterfulgt av lengre periodar fritid
- Moglegheit for langvaktsturnus
- Fleksibel turnus, der deler av stillinga kan planleggast ut frå eige behov
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Fokus på kvalitet og utvikling
- God opplæring
- Gratis parkering i parkeringsanlegg
Ved å bli en del av vårt team vil du ikkje berre bidra til å gi god omsorg og støtte til våre
tenestemottakarar, men også oppleva ei meningsfull karriere med rom for fagleg og personleg
utvikling.
Annan informasjon
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Barne- og ungdomsskule i sentrum med gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse. SFO-tilbod kvar dag frå kl. 07.00 til kl. 16.30. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utendørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Etne kommune er deltakar i Tørn-prosjektet i regi av KS. I prosjektet er det fokus på den gode vakta gjennom kontinuitet i bemanning og oppgåvedeling, slik at me sikrar at rett kompetanse blir nytta på rett stad til rett tid. Som tilsett i helse og omsorg i Etne kommune har du moglegheit til å påverka prosjektet via medarbeidarinvolvering og du må vere villig til å prøve ut nye løysingar for å nå målet om den gode vakta.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.