Etne kommune Kvalitet og personal

Vil du skaffe deg verdifull arbeidserfaring? Bli med på Ung i jobb!

Er du 15 eller 16 år og ynskjer å prøva deg i arbeidslivet? No har du sjansen! Kommunen set i gang prosjektet Ung i jobb for å gi ungdom moglegheit til å få arbeidserfaring i trygge og lærerike omgjevnadar.

Kva kan du jobba med?
Me tilbyr spennande oppgåver innanfor:
✅Pleie og omsorg ved Etne og Skånevik omsorgssenter
✅ Barnehage og SFO i Etne og Skånevik

Arbeidstid
Etter skulen

Kven kan søkja?
Du må vera busett i Etne kommune.
Du må vera 15 eller 16 år og ha lyst til å læra meir om arbeidslivet. Ingen tidlegare erfaring er naudsynt – det viktigaste er at du er motivert og engasjert!

Slik søkjer du:
Send ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv, kvifor du vil vera med, og kva område du er mest interessert i.

Dette er ein unik sjanse til å skaffa deg arbeidserfaring, bli kjend med nye folk og tena dine eigne pengar. Bli med på Ung i jobb – me gler oss til å ha deg med på laget!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Kontrakt-/prosjektbasert

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

27.03.2025

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sjoarvegen 2 5590 ETNE

Kart: