Etne kommune - Lønn og personal

Ledig stilling

Rådgjevar/prosjektleiar digitalisering, 100% fast

Vil du vera med på å  forenkla den digitale kvardagen til innbyggjarar og tilsette i Etne kommune?
Synes du digitalisering er spennande og vil du bidra til å vidareutvikla medarbeidarane våre og få gode digitale tenester med god flyt?

Me jobbar aktivt med å utvikle kommunen til det beste for innbyggjarar, medarbeidarar, politikarar og næringsliv, og vil gjerne ha deg med på laget.

 

Arbeidsoppgåver:

- Stillinga har hovudansvar for å planleggja, prioritera og implementera digitale løysingar og skal vera pådrivar

  for effektive og digitaliserte prosessar med brukar i fokus.

- Vedlikehalda og vidareutvikla Etne kommune sin Digitaliseringsstrategi.

- Etablera og vedlikehalda prosjektgjennomføringsrutinar og prosessar innan området.

- Representera Etne kommune innan digitaliseringsfeltet og delta i og/eller leia interkommunale prosjekt.

- Prosjektleiar for tverrfaglege prosjekt innan digitalisering.

- Porteføljestyring og gevinstrealisering.

- Ansvar for personvern og informasjonstryggleik.

- Bidra til auka digital kompetanse for medarbeidarar og innbyggjarar.

 

Kompetanse:

Det er ønskjeleg at du

- har relevant utdanning på bachelornivå

- er nysgjerrig på nye system og digitale verktøy

- har god digital kompetanse og systemforståing

- har erfaring med verksemdsarkitektur og prosesstyring

- har erfaring fra prosjekt- og endringshandtering.

- har kjennskap til porteføljestyring og gevinstrealisering 

 

Personlege eigenskapar:

Me legg vekt på personlege eigenskapar og ønskjer deg som

- er serviceinnstilt og har brukaren i fokus, enten det er innbyggjar, politikar, næringsliv eller kollegaer

- framstår som ein trygg, raus og engasjert medarbeidar

- er god på kommunikasjon og samarbeid

- er endringsvillig, løysingsorientert og fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver

- er systematisk og strukturert

- har god formidlingsevne

- kan arbeide godt i team, men også sjølvstendig når det trengs

Annan informasjon: 

Me tilbyr

- ein spennande jobb i ein framoverlent organisasjon saman med gode kollegaer

- fleksibel arbeidstid

- pensjonsordning i KLP

- lønn i samsvar med gjeldande tariffavtal

 

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

22/1421

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.08.2022

Tiltreding:

14.08.2022

Arbeidsstad:

Tinghuset